Tidseininga fimt , eller fem dagar, og teorien om den germanske femdagarsveka

2018 
Sjolv om kjeldene ikkje gjev grunnlag for a konkludera sikkert, argumenterer vi i denne artikkelen for at veka, som ei grunnleggjande tidseining, pa det nordiske, og germanske, omradet opphavleg var fem dagar lang. Kjeldegrunnlaget for eldre nordisk historie er som oftast nedskrive tidlegast pa 1100- og 1200-talet. Likevel finn vi i Islendingabok og i norron dikting klare indikasjonar pa at det har funnest ei femdagarsveke, i alle hove pa andre sida av 1000 ars-skiftet. Men det er femdagarsfristen i lovene som sterkast indikerer eksistensen av ei femdagarsveke. I Landslova av 1274 og i alle eldre rettstekstar er fem ei grunnleggjande tidseining. Femdagarsveka kunne knytast til bade mane- og solsyklusen. Sjudagarsveka var nok kjend i Noreg alt i heidensk tid, og ho kunne knytast til syklusen for flo og fjore. Ho fekk i alle hove innpass med kristninga fordi ho og var ei grunnleggjande teologisk og liturgisk tidseining. Det er difor pafallande at sjudagarsveka knapt er nytta som tidseining i desse eldre rettstekstane. Derimot finn vi ordningar som skal avhjelpa at bruk av femdagarsfristen kan gjera at rettsforhandlingar fell pa sondag, noko som elles ville koma i konflikt med heilagdagshaldet. Fem er likevel i mindre grad nytta som tidseining i Landslova av 1274 enn i eldre rettstekstar.
    • Correction
    • Source
    • Cite
    • Save
    • Machine Reading By IdeaReader
    0
    References
    0
    Citations
    NaN
    KQI
    []